Arkivplan.no
Utskriftsvennlig versjon

Kommunevåpen frå 1971 - 2020

TYSNES KOMMUNE SITT KOMMUNEVÅPEN FRÅ 1971 TIL 2020 - KORT HISTORIKK

Tysnes kommune vedtok nytt kommunevåpen på kommunestyremøte 15. desember 2020. Bakgrunnen for dette er forenkling i regelverk for kommunevåpen og kommuneflagg, samtidig med at Hordaland fylkeskommune blir Vestland fylkeskommune og dermed får nytt våpen. Hordaland fylkeskommune sitt våpen var to krosslagde økser med ei krone over.

 Dette våpenet er ikkje ulikt kommunevåpenet til Tysnes kommune. Det har vore to krosslagde økser med sparre over. Utifrå likskapen har Tysnes kommune sitt våpen aldri blitt formelt godkjent av Riksarkivet, men har vore lokalt godkjent for bruk frå 1971.

 I mellomalderen fann Olavsgildet stad på Onarheim i Tysnes. Det var ein brorskap som samla folk frå store delar av Sunnhordland og Hardanger/Voss. Etter dette gildet fann dei eit segl – to krosslagde økser med ei krone over. Dette seglet vart seinare symbolet i Hordland fylkeskommune sitt våpen. – Sparre over øksene i Tysnes sitt våpen symboliserer at Tysnes hyste Olavsgildet.

Laster...