Arkivplan.no
Utskriftsvennlig versjon

Bruk og oppdatering av arkivplanen

Arkivplanen skal nyttast som eit arbeidsreiskap for alle tilsette i Tysnes kommune. Målet er at alle som handterer dokument, skal kunna finna informasjon om kva retningsliner som skal følgjast, og kva løysingar kommunen har på arkivområdet.

Arkivplan vert gjennomgått ved endringar i organisasjonen, med jamne mellomrom, og minst ein gang pr. år. Den årlege gjenomgangen av arkivplanen skal skje kvart år medio oktober. Det vert sendt ut melding til berørte partar umiddlebart etter at ein revisjon/korrigering er utført.

Alle brukarar har ansvar for å gje tilbakemelding på den informasjonen som ligg i arkivplanen. Om registrerte opplysingar ikkje er korrekte, eller dersom det vert gjort endringar i organisasjonen som vedkjem arkivtenesta, skal ein kontakta arkivleiar. Arkivansvarleg Haaland kan kontaktast på telefon 913 22 578 eller e-post: aase.d.haaland@tysnes.kommune.no

Arkivansvarleg i kommunen har det daglege ansvaret for å følgja opp arkivplanen.

Laster...