Melding om avvik: Alle arbeidstakarar har eit ansvar for melda om avvik i arkivet, både det fysiske arkivet og fagprogrammet. Det same gjeld avvik i arkivplanen. Dette blir informert om ved opplæring av nytilsette og ved "dropp-inn" opplæringa som blir halden 2 gonger pr. år. Arkivet er også med på utvida leiarmøte ein gong pr. år, for å synliggjera arkivet. Omfang Prosedyren gjeld alle tilsette i Tysnes kommune som på ein eller annen måte oppdager brudd på prosedyrer og tiltak som har som føremål å ivareta informasjonssikkerheten i kommunen, i tillegg omfatter den heile prosessen frå avviket vert oppdaga til førebyggjande tiltak og forbedring av prosedyren er gjennomført. Målet Målet med avvikshåndtering er å avdekkja avvik og hindra gjentaking. Bakgrunn Tysnes kommune ønskjer å leggja til rette for at kommunen sine tilsette behandler personsensitive opplysningar i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og allment aksepterte etiske normer. Eit viktig tiltak er å ha systematisk tilnærming til avvikshandtering. Kompilo Alle avvik skal sendast inn via Kompilo. Avviket går til næraste leiar, som igjen har eit ansvar for å informera arkivansvarleg og arkivleiar. Det er rådmannen som står ansvarleg for å lukka avviket. Handling Den som oppdager avviket skal også eventuelt iverksettja strakstiltak. Leiar skal informerast om kva for tiltak som er iverksatt. Avviksrapporten skal alltid sendast til arkivleiar/rådmann og skal innehalda iverksatte tiltak. Nr. Handling Ansvarlig Når
|
Avviket vert oppdaga
|
Alle
|
|
2
|
Iverksetja tiltak
|
Alle
|
straks v/behov
|
3
|
Rapportera avvik til leiar og arkivansvarleg
|
Alle
|
|
4
|
Iverksette tiltak
|
Arkivansvarleg
|
|
5
|
Rapportere til Arkivleiar/rådmann
|
Arkivansvarleg
|
|
6
|
Registrere og følgja opp avvik, vurdere effekten
|
Arkivansvarleg
|
|
7
|
Evaluere iverksette tiltak og overføringsverdi – eienkontroller
|
Arkivansvarleg/arkivleiar
|
|
8
|
Tilbakemelding til berørte parter
|
Arkivansvarleg
|
|
|