Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Deponert til IKAH - Legekontoret - Helsearkiv

Printer-ikon  Utskriftsvennlig versjon

60 hyllemeter med helsearkiv  henta av Interkommunalt akriv i januar 2019. 

Dei skal ordna og katalogisera desse mappene.

Avtalen omfatta 60 hyllemeter helsearkiv og alt personarkiv frå Tysnes som allereie var bortsatt hjå IKAH. I tillegg vart det deponert noko materiale i oktober 2019 som vart inkludert i dette oppdraget.

Det var deponert ein del materiale frå Tysnes som var skada av brann, vatn og mugg. Dette er behandla og i henhald til avtale med arkivleiar Åse D. Haaland har vi føreteke streng kassasjonsvurdering undervegs i arbeiddet vårt og materialet er no redusert til 47,5 hyllemeter som skal overførast til spesialrom for arkiv.

Det er ordna og registrert 474 arkivbokser med personalmapper frå helse, skule og sosialsektoren. Det er registrert inn 12 812 unike personmapper i ASTA frå Tysnes kommune. Det vil seie at det er personopplysninger/rettigheitsdokumentasjon om nesten 13 000 menneskjer som er registrert og tryggja for ettertida. I tillegg er all handsaming av personopplysingane frå arkiva til Tysnes no til den høgste formen for lovleg handsaming etter krava i personopplysingslova og GDPR. Se vedlegg for nærare opplysingar om dei einskilde arkivseriane.