Arkivplan.no
Utskriftsvennlig versjon

Velkommen til oss

Tysnes - Historie 

Det ser ut til at Tysnesøya i førkristen tid og utover i middelalderen blei kalt Njarðarlǫg, som truleg betyr guden Njords lovdømme (parallelt til Þrǿndalǫg). Njord var blant anna gud for jakt, fiske og sjøfart.  Tysnes var tidligere navnet på garden og grenda der kyrkja låg fram til starten av 1900-tallet, truleg opprinnelig Todneset (neset som peikar mot Våge), som blir markert av sola på en spesiell måte ved alle de fire solvendepunktene i året. Tysnes har navn etter guden Tyr.

Tysnesøya er den største øya i Tysnes kommune. Arealet er 199 km². Den størte tettstaden er Våge med litt over 700 innbyggjrar. Det høgaste punktet på øya er Tysnessåto, som strekk seg til 753 meter over havet. Lukksund bru går til fastlandet i Fusa kommune. Øya har ferjesamband fra Våge til Halhjem i Os, og fra Hodnanes til Huglo og Jektevik på Stord.

Langenuen går langs vestsida av øya, i nord ligg Bjørnefjorden og i aust ligg Onarheimsfjorden.

Reksteren er en øy i Tysnes kommune. Arealet er 37 km². Høgaste punkt er Dalstuva med sine 336 meter. Øya har omtrent 250 innbyggere i vinterhalvåret. Det er brusamband til Tysnesøya over Bårdsund syd på øya. På Flygansvær på Reksteren ligger det et kystfort fra 2. verdenskrig. Nord for Reksteren ligger Bjørnafjorden mens Langenuen ligg i vest. Mellom Reksteren og Tysnesøya ligger Søreidsvika.

Tysnes blei eigen kommune i 1838. Med unntak av et mindre område på fastlandet (67 innbyggere) som blei overført til Kvinnherad i 1907, har kommunen ikke endra sine grenser.

I middelalderen ble Olavsgildet holdt på Onarheim i Tysnes. Det var en brorskap som samlet folk fra store deler av Sunnhordland og Hardanger. Etter dette Olavsgildet fant man et segl – to kryssede økser med ei krone over, og dette seglet ble senere symbolet i Hordaland fylkeskommunes våpen. Sparrer over øksene i Tysnes' merke symboliserer at Tysnes holdt Olavsgildet.

Tysnes kommune sitt kommunevåpen, med to krosslagde økser med sparre over var i bruk frå 1971 til 2020. Denne kommunevåpenet blei aldri godtkjent hos Riksarkivet.

Desember 2020 vedtok Tysnes kommunestyre nytt kommunevåpen, to krosslagde økser med krone over, nesten identisk med Hordaland fylkeskommune sitt merke frå før samanslåinga til Vestland fylke.

Tysnes kommune - notid

Tysnes kommune er ei øygruppe med eit samla areal på 255 km2. Innbyggjartalet er om lag 2780. Det er gode kommunikasjonar. Reisetida til Bergen er om lag 1 time og 20 min., og til Stord om lag 35 min. Frå Bergen køyrer du E 39 til Halhjem og tek ferje til Våge. Ferja går om lag 13 gonger kvar dag. Sjå eigne ruter for bussamband til og frå Bergen sentrum. Frå sør køyrer du E 39 over Stord til Jektevik og tek ferje derifrå til Hodnanes. 

Tysnes kommune har nærare 1400 feriehus, og i høve til talet på fastbuande er Tysnes den største hyttekommunen i Sunnhordland.

Landskapet skifter frå blankskura svaberg i vest til frodige og særmerkte skogar i aust. Og midt i mellom ligg fjellområde
med toppar opp i over 750 meters høgd.

Tysnes var tidlegare i størst grad ein jordbrukskommune, men har no små og mellomstore industriverksemder, bygg- og anleggsfirma, handverkarar, handel og offentleg- og privat tenesteyting som viktigaste næringsgrunnlag. 

Det er tre grunnskuler på Tysnes. Det er Onarheim skule, Tysnes skule og Uggdal skule. Tysnes har ingen videregående skuler, elevene må dra ut av kommunen for å ta vidareutdanning. Det er lagt opp til gode kommunikasjoner for dagpendling både må Stord og mot Os og Bergen.

Tysnes har mange kyrkje i forhold til antall innbyggere. Det er i dag fire kyrkjer i Tysnes kommune. Reksteren kyrkje, Onarheim kulturkyrkje, Tysnes kyrkje og Uggdal kyrkje. 

Tysneshallen er en flerbrukshall som blei opna 14. august 2004. Hallen inneheld blant anna Tysnes folkebibliotek, klatrevegg, nedsenkbar scene i sjølve hovedhallen og bowlinghall med 3 baner. Det er også eit eige øvingsrom i tilknytning til hallen som er skilt ut og eigd av korps.

Tysnesfest er kulturlivet og øya sin store stolthet. Tysnesfest har vokse seg til ein av vestlandets største festivaler. Festivalen er ein familiefestival og blei startet i 2007 av en kompisgjeng som ønska å skape stolthet, identitet og samhold i kommunen. Første året ble det solgt 4500 billettar, og den har vokse seg jamt og trutt, til ca. 32.000 i rekordåret 2017.

Tysnesfest ønskjer å bruka heile øya som festivalområde, og det mest spesielle er konsertane på Tysnessåto med sine 753 meter over havet. Lars Vaular, har i tillegg til Skambankt, BigBang og Oslo Ess hatt konsert på såta, og på det meste har ca 1500 personar tok turen opp.

  

  

Laster...