Arkivplan.no

Internkontroll og arkivplan

  Utskriftsvennlig versjon

Jf. forskrift om offentlege arkiv § 4 skal; «den øvste leiinga i organet må sjå til at arkivarbeidet blir omfatta av organets internkontroll». 

I dette systemet blir alle rutinar, retningslinjer, instruksar, handtering av avvik, beredskap, rapportar og planar skildra. Dette er godt forankra i kommunen, både hjå leiinga og tilsette.

Arkivplanen skal i all hovudskap nyttast som eit arbeids- og styringsverktøy for arkivleiar i kommunen og skal legge vekt på å skildre særleg tema og punkt som ikkje står skildra i kommunen sin internkontroll.

Kommunen skildrar:

 

Arkivplanen skildrar:

-  einingane sine rutinar, retningslinjer og    instruksar

 

-  arkivtenesta sine rutinar, retningslinjer og instruksar

-  kommunen sine strategiar og planar

 

-  bevaringsvurderingar og kassasjon

-  beredskap

-  arkivoversikt

-  overordna planlegging

-  depot

-  avvik og handsaming av avvik

-  informasjonstryggleik

-  årshjul

-  periodiserings- og deponeringsplanar

 

-  strategi for arkivtenesta