Arkivplan.no
Utskriftsvennlig versjon

Kommunal vigsel

Fra 1.januar 2018 overtok kommunane ansvaret for borgerlige vigsler i Norge.  I Tysnes kommune var det i oppstarten ordførar, varaordførar og rådmann som er vigselmyndighet. Dette blei sommaren 2020 utvida til også å gjelda dei 7 faste medlemene i formannskapet. I tillegg vart Hatlevik, som driv Haaheim Gaard utnemnd til vigslar.

 Tysnes kommune får også ansvar for å føra vigselsbok.

 Dette skal gjerast på følgjande måte:

 Det skal opprettast ei sak pr år i sak og arkivsystemet. Saka får namnet: Kommunale vigseler – årstal. Arkiv nr. 209 – Kommunale vigsler (ny)

Inngåade dokument: Kommunale vigsler – bestilling og registerering. Journalposten skal vera unntateke frå Off. § 13. Namn på brudepar skal stå i linje 2, og blir dermed skjerma. Namna skal flyttast til linje 1 når vigselen er over.

 

Utgåande dokument: Brev som stadfesting av vigsel, med informasjon om stad, tid, kven som er vigslar, ev. koma tilbake til det, info om pris – sjå mal frå tidlegare dokument. Sendast til brureparet, med kopi til Bente på økonomi, så sender ho faktura når vigselen er over.

 

Inngåande dokument: Prøvingsattest (vigselsbok) sendt frå Skatteetaten eller frå brudefolka. Journalposten skal vera unntateke frå Off. § 13. Namn på brudepar skal stå i linje 2, og blir dermed skjerma. Namna skal flyttast til linje 1, når vigselen er gjennomført.

 

X-notat for kommunal vigsling – avvikling

 

Utgåande dokument: Oversendingsskriv for utsending av bekrefta kopi av vigselsbok til brudeparet. Tittel: Midlertidig vigselsattest.

 

Utgåande dokument: Oversendingsskriv for bekrefta kopi av vigselsbok til folkeregisteret. Tittel: Oversending av vigselsattest NN og NN – vigselsdato NB- viktig innan 3 dagar

Laster...