Utskriftsvennlig versjon

Politisk organisering

Kommunestyra kan etter gjeldande kommunelov vera på minimum 11 representantar. Tysnes kommunestyre vedtok i 2002 at talet på representantar skal vera 21. Dette kan vurderast kvart 4. år. Dette må skje seinast året før valåret. – Innbyggjartalet i Tysnes har over fleire år lege på ca. 2.900 - 2.800. Etter kommunelova skal som hovudregel møta i alle folkevalde organ haldast for opne dører. Saker som er underlagde lovbestemt teieplikt og personalsaker skal likevel alltid handsamast for lukka dører. Organet kan sjølv vedta at visse sakstyper skal gå for lukka dører. Dette kan blant anna vera aktuelt der omsynet til personvernet eller andre tungtvegande private eller offentlege interesser tilseier det.

Kommunelova fastset at møte som skal haldast for opne dører, skal gjerast kjende på ein "hensiktsmessig" måte. Vidare skal saklistene til slike møte og andre dokument som ikkje er unnatekne frå offentlighet, vera tilgjengelege for publikum.

I kommunestyremøte 22. september 2015 vart det vedteke nytt reglement for formannskapet, landbruk/teknisk og tenesteutvalet.

Formannskapet skal ha 7 medlemer med varamedlemer, alle valde av kommunestyret i samsvar med kommunelova sine reglar for val til formannskap. Utvalet er formannskap, plan- og økonomiutval, lokalsamfunnsutviklar, tiltaksnemnd, valstyre og skatteutval. Utvalet skal generelt ha større mynde enn dei to andre faste utvala.

Landbruk/teknisk skal ha 7 medlemer med varamedlemer. Medlemene skal som hovudregel veljast mellom kommunestyret sine medlemer/eventuelt varamedlemer. Kommunestyret vel leiar og nestleiar i utvalet. Utvalet skal ha bla ansvar for det som sorterer under bygg og anlegg, i tillegg til landbrukssaker.

Tenesteutvalet skal ha 7 medlemer med varamedlemer. Medlemene skal som hovudregel veljast mellom kommunestyret sine medlemer/evetuelt varamedlemer. Kommunestyret vel leiar og nestleiar i utvalet. Utvalet skal bla ha ansvar for det som sorterer under oppvekst, helse- og sosialoppgåver, kyrkje og kulturbygg, renovasjon, vassforsyning, brann og oljevern og lokale veg og trafikksikringsspørsmål.

Saklistene til dei ulike møta vert å finna på Tysnes kommune sine heimesider, under møtekalender, 5 dager før tillyst møte. Møta vert haldne i rådhuset.

Laster...